Møre og Romsdal får 70,8 millionar i kompensasjon

  Foto: Anniken Westad

Nyhende

Ein reknefeil førte til at Møre og Romsdal fylkeskommune ikkje fekk dei pengane dei hadde krav på frå staten til tunnelsikring for neste år. No får fylket ein statleg kompensasjon på 70,8 millionar kroner.

Stortingspolitikar Helge Orten (H) fortel til Romsdals Budstikke at han har følgt opp saka og er glad for at det no blir betalt ut pengar til fylket. Han fortel at 60 millionar kroner vil bli betalt ut før jul som skjønsmidlar, medan 10,8 millionar kroner blir overført til fylkeskommunen etter nyttår.

Pengane er ikkje øyremerkte, og på møtet i fylkestinget onsdag, foreslo Frank Sve (Frp) ifylgje nett.no å bruka pengane til ferjedrift. Men dette var det ikkje stemning for.