Formannskapsmøte onsdag

14 mål til bustadfelt

Ringdalsegga rett forut - Ringdalåsen er til venstre i biletkanten.   Foto: Illustrasjonsfoto: Eivind Louis Helset

Nyhende

Rådmannen tilrår formannskapet å godkjenne at Stranda kommune kjøper areal i Ringdalsåsen i Sunnylven for å bruke til bustadfelt.

Prisen som er framforhandla, er 60 kroner per kvadratmeter.

Arealet er på rundt 14.773 kvadratmeter, og totalprisen blir då 886.380 kroner. Summen vart tatt høgde for i 2018-budsjettet.

Formannskapet skal handsame saka i møte onsdag, før det går vidare til kommunestyret seinare same dag. Om formannskap og kommunestyre går for tilrådinga frå rådmannen, får ordførar Jan Ove Tryggestad (Sp) fullmakt til å signere på vegner av kommunen.