Trafikk-kontroll på FV60

Fleire forelegg på Stranda

Illustrasjonsfoto 

Nyhende

Statens Vegvesen og politiet i Møre og Romsdal flytta seg til Stranda frå Sykkylven i ein felles trafikk-kontroll på FV60 torsdag ettermiddag.

Resultatet på Stranda vart som i Sykkylven ingen promillekøyring, men fleire forelegg for andre forhold.

To bilførarar fekk gebyr for manglande bruk av bilbelte.

Ein bilførar fekk forenkla forelegg for bruk av handhalde mobiltelefon.

Tre fekk kontrollsetlar for manglande lys.