Hotell Geiranger er seld til Havila Hotels

Nyhende

Havila har dermed sikra seg det fjerde hotellet på Nordvestlandet. Frå før driv Havila Hotels hotell i Fosnavåg, Ørsta og i Hornindal.

- Med kjøpet av hotellet i Geiranger, styrkar vi vår reiselivsakse og forventar å oppnå ringverknader mellom hotella. Dette vil vere positivt både for dei besøkande og for hotelldrifta, seier styreleiar Hege Sævik Rabben i Havila Hotels.

Familien Haldorsen har drive Hotell Geiranger i 30 år, og sel no hotellet. Avtroppande direktør, Tore Sævil Haldorsen, har i desse åra pendla mellom Bergen og Geiranger. Han ser optimistisk på framtida for hotellet.

- Vi trur Havila Hotels er eit godt val både for hotellet og for Geiranger som reisemål, seier han.

Havila Hotel har eit mål om å utvide drifta og utnytte skuldersesongane, skriv dei vidare i pressemeldinga.