Internasjonalt skytestemne i Luxembourg

Martine Sve på pallen

Martine Sve NM 2019  Foto: Frank Sve

Frå RIAC 2019  Foto: Foto: Privat

Nyhende

Martine Sve har gjort det igjen - i RIAC 2019 i Luxembourg før helga skaut ho seg heilt opp til tredjeplass og dermed pallplass i hovudskytinga på internasjonal luftrifle 10 meter.

Sve er berre 16 år, men har i fleire år allereie levert resultat som har plassert ho i Noregstoppen i hennar aldersgruppe. No er Sve i ferd med å få sitt internasjonale gjennombrot i tillegg.

Ho var blant dei yngste på RIAC 2019.

Sve skaut seg til femteplass i finalen i RIAC 2019 - med knallsterke 621,7 poeng på 60 skot ståande.

Sve går på Norsk Toppidrettsgymnas (NTG) i Kongsvinger, og skyt for Kisen på Jessheim.

Ho satsar på klassane internasjonal luftrifle 10 meter og Matchrifle 50 meter - båe er både VM- og OL-gren.

Saman med Karina Stette, frå Engesetdal/Skodje og Julie Johannesen frå Kisen vart det tredobbelt norsk i storstemnet i Luxembourg.