Formannskapsmøte onsdag

Vil utsette tomtekjøp grunna mogleg rasfare

Nyhende

Rådmannen tilrår at formannskap og kommunestyret vedtek å utsette kjøp av tomt til ny brannstasjon i Geiranger.

Grunnen til dette, er mogleg fjellskredfare i området.

Avtale om tomtekjøp er framforhandla, og det var opphaveleg planen at kommunestyret skulle godkjenne kjøp av tomt til ny brannstasjon til 90 kroner kvadratmeteren.

Istaden blir det utsetting.

- I samband med prosessen rundt prosjektering av sjølve bygget, var det naudsynt å finne ut meir om fonnvindane ein veit vil kunne opptre på tomta.. Det vart under synfaring stilt spørsmål om eit stort fjellparti i Flydalsnakken med sprekkar under og på sidene, og konklusjonen er at ein må undersøkje dette fjellpartiet for rørsle i fjellpartiet før ein kan gå vidare med utgreiingar og prosjektering, skriv rådmannen.

I eit verste fall-scenario kan konsekvensen bli at både branntomta og regulert tomtefelt i Berga ikkje kan byggast på, om det viser seg at fjellpartiet er ustabilt.