Cruise-beredskapen skal under lupa etter Viking Sky-havariet

Cruiseskipet Viking Sky sende 23. mars ut maydaymelding og dreiv mot land Foto: Odd Roar Lange / NTB scanpix / NPK  Foto: Lange, Odd Roar

Nyhende

Etter Viking Sky-havariet på Hustadvika set regjeringa ned eit utval som skal sjå på beredskapssituasjonen knytt til den aukande cruisetrafikken.

– Gjennom hendinga med Viking Sky vart vi minte om det enorme omfanget ei alvorleg hending med eit cruiseskip kan ha, seier samfunnstryggleiksminister Ingvil Smines Tybring-Gjedde (Frp).

Utvalet skal kartlegge og beskrive omfanget av dagens cruisetrafikk og sjå på utfordringar for beredskapen slik trafikk fører med seg. Vidare skal utvalet vurdere Noregs evne til å handtere ei alvorleg hending med eit cruiseskip.

Samansetninga av utvalet og dei endelege mandata er ikkje ferdigstilte.