Gjenbruk av leiker

Omvendt tradisjon

Born hjelper born.

Born hjelper born Borna på Ringstad skule hjelper born i Latvia når dei gir frå seg sine eigne leiker.  Foto: Privat

Born hjelper born Borna på Ringstad skule hjelper born i Latvia når dei gir frå seg sine eigne leiker.  Foto: Privat

Nyhende

Til vanleg tek skuleelevane imot julegåver. Tradisjonen på Ringstad skule har blitt at dei gir frå seg gåver.

– Borna i Latvia gler seg stort over gåvene dei tek imot, seier Sølvi Slyngstad som koordinerer innsamlinga av gåvene for Baltikumhjelpen.

Alle klassetrinna på skulen har vore med å bidra. Før var det slik at eleven opna ei luke i julekalenderen og fekk innhaldet. No er det slik at det kvar dag er ein elev som fortel om kva vedkomande gir frå seg, og kvifor leika blir gitt vekk, fortel Agnes Havnen, rektor ved Ringstad skule.

Også frå Sykkylven kjem det julegåver til Latvia. Bygdefolket der legg gåver under treet når julegrana blir tent.

Over nyåret blir gåvene frakta til Latvia. Pakkene er merka med kven den passar til. Borna i Latvia får dermed ei gåve som burde passe den einskilde.