Juleferie for opprusting av Strynefjellstunellane

Nyhende

Statens vegvesen region vest fortel i ei pressemelding at dei fleste stader har tatt juleferie i samband med å oppruste tunnelar.

Det har i vinter vore opprusting mellom anna på RV15 Strynefjellet.

Arbeidet i tunnellane på Strynefjellsvegen vart avslutta for juleferien på måndag, og startar opp igjen på nyåret - måndag 6. januar klokka 0700.

På nyåret tek Vestland fylkeskommune over oppgraderingsprosjekta på fylkesvegane i region midt. Men sidan Strynefjellsvegen som kjent er ein riksveg, vil vegvesenet foreta tunneloppgraderinga på RV15.