Godt skussmål frå Mattilsynet

Nyhende

Mattilsynet har vore på inspeksjon hjå Orkla Foods i Svemorka, i samband med synfaring på nytt bakeri.. Tilsynet vart gjort 4. desember.

Tilsynet omfatta òg bakeriavdelinga, topping- og pakkeavdeling, lefsebakeriet og personalkantina.

- Det er gjennomgåande god orden og godt reinhald på samtlege avdelingar. På personalkantina er allergenmerking på plass, og godt synleg, skriv Mattilsynet.

Konklusjonen blir då bokstavleg talt eit reint skussmål:

- Produksjonslokala framstår med god orden og godt reinhald. Verksemda praktiserer gode rutine for produksjonshygiene, skriv Mattilsynet i tilsynsrapporten.


Populært med pizza julaftan

Eit par hundre tusen nordmenn har Grandiosa på menyen sjølvaste julaftan.