Kraftig oppgang i lakseprisen

Nyhende

Fersk laks vart i veke 51 eksportert for 75,05 kroner kiloen, ein auke på 9,1 prosent frå veka før. Prisen er nesten 30 prosent høgare enn på same tid i fjor.

I veke 51 i år vart det eksportert 20.352 tonn fersk laks, noko som er ein nedgang på 9,8 prosent frå veka før, ifølgje tala frå Statistisk sentralbyrå (SSB).

For frosen laks var det prisnedgang på 2,1 prosent i den same perioden, men her er volumet mykje lågare – 505 tonn.

Lakseprisen har hatt store svingingar i år. I oktober var han på sitt lågaste på fire år med ein pris på 46,80 kroner per kilo for fersk laks.