Toppscore til Strandafjellet

  Foto: Johan Behrentz

Nyhende

Dagens Næringsliv sin skiguide har kåra Noregs beste skidestinasjonar, og i konkurranse med Narvik om tittelen "Noregs beste topptur-destinasjon" gjekk Strandafjellet av med sigeren.

I si omtale av Strandafjellet legg juryen vekt på nærleik til eit av Noreg sine flottaste fjellområde, noko som er ein kjempefordel for Stranda. Strandafjellet vinn kåringa føre Narvik fordi juryen har betre røynsle med vintersnø på Sunnmøre enn Narvik, som vart nummer to.

Strandafjellet får i kåringa 30 poeng, medan Narvik får 29.

- Jokeren er vestlandsvêret. Du skal ha is i magne for å planleggje ei skihelg til Sunnmøre månader i forvegen. Hit ønsker du berre å reise på gode vêrmeldingar. Ofte er snøen forblåst eller for mild. Dei gode dagane er til gjengjeld episke, er attesten frå juryen.

Dagens Næringsliv har òg kåra dei beste alpindestinasjonane i Noreg. Der kom Strandafjellet på ein tiandeplass.