Det kan bli langt færre stadar med kvit jul i framtida

Skidag på Ringstad skule. Illustrasjonsfoto  Foto: Eivind Louis Helset

Nyhende

Held klimagassutsleppa fram å auke slik dei har gjort fram til no, er det stor sjanse for at kvit jul berre vil finne stad på fjellet og i indre strøk av Nord-Noreg mot slutten av hundreåret.

Det skriv Meteorologisk institutt i ei pressemelding.

Dei har sett på observasjonar av kvit jul i åra frå 1971 til 2000 på 12 populære skistadar i Noreg og samanlikna funna med klimaframskrivingar for perioden 2036 til 2065.

– Rundt juletider ligg ofte temperaturen og bikkar rundt null. Med ein auke i temperatur vil sannsynet for at nedbør fell som regn i staden for snø auke, og områda dette gjeld for blir utvida jo lenger fram i tid vi kjem, seier klimaforskar Anita Verpe Dyrrdal i pressemeldinga.