To Stranda-bedrifter skal til verdas største matmesse

GAMALT MØNSTER: Det er mønsteret i lokket på den gamle smørtina som kjem igjen i moderne utforming i logoen til osten frå Skarbø gardsmeieri.  Foto: Marius Simensen

Nyhende

Brasseri Posten i Geiranger og Skarbø Gardsmeieri på Stranda har blitt valdt ut til å representere Møre og Romsdal fylke på Internationale Grüne Woche, som går føre seg i Berlin frå 17. til 26. januar 2020.