Nasjonal markering av utvandringa til Amerika

AMERIKAFARAR: Utvandringa til Amerika er ein viktig del av norsk historie. Frå 1825 og fram til i dag har nærmare ein million nordmenn utvandra til Amerika. Her emigrantar som forlet Kysnesstranda i Jondal i Hardanger i 1906. Foto: Anders Beer Wiise / Nasjonalbiblioteket  Foto: Anders Beer Wiise

Nyhende

I 2025 er det 200 år sidan den første norske organiserte utvandringa frå Noreg til Amerika. Norsk utvandrermuseum på Ottestad ved Hamar har i den samanhengen teke initiativ til ei brei nasjonal markering.