Vinden bles nattbussar i autovernet på Strynefjellet

Nyhende

Den kraftige vinden på Vestlandet førte til at to nattbussar bles i autovernet på Strynefjellet.

Både nattbussen frå Oslo til Måløy og nattbussen frå Oslo til Ulsteinvik hamna i autovernet tidleg fredag morgon, melder NRK.

Måløybussen vart blåsen sidelengs ved avkøyrselen til Geiranger, fortel ein passasjer.

– Bussen gynga i dei verste vindkulene og gleid sidelengs, seier Stig Oldeide til kanalen.

Rett før dei to bussane vart tatt av vinden, vart fjellovergangen over Strynefjellet stengd.

Måløybussen vart berga inn i Oppljostunnelen ved 7-tida, og arbeidet med den andre bussen er i full gang. Ingen passasjerar vart skadde.