Fleire fylke bruker for lang tid på saksbehandling

Illustrasjonsfoto helse/omsorg  Foto: Illustrasjonsfoto: Colourbox

Nyhende

Sju av ti fylkesmannsembete bryt mediantida og har over seks månader saksbehandlingstid for tilsynssaker innan helse og omsorg, viser ei undersøking gjort av Kommunal Rapport.

Statens helsetilsyn har sett som krav at medianen for saksbehandlingstid i tilsynssaker skal vere seks månader eller mindre. Tal frå Kommunal Rapport viser at sju av ti fylkesmannsembete bryt denne tida i tilsynssaker innan helse og omsorg. Av dei sju er fem embete nylege samanslåtte.

Fylka som bruker lengst tid på saksbehandling er Troms og Finnmark med over ti månader som median, Oslo og Viken som nesten har ni månader, og Møre og Romsdal som har median saksbehandlingstid på litt over åtte månader.

Det nye fylket Vestland ligg òg over kravet om median saksbehandlingstid, og ligg på nesten sju og ein halv månad. Fylket med kortast behandlingstid er Rogaland som har median på under fem månader.

Fleire fylke seier at samanslåinga av embete har skulda for den lange saksbehandlingstida, ifølgje Kommunal Rapport. Òg mangel på legar får skulda for den lange median saksbehandlingstida innan helse og omsorg i fleire fylke.