Skaut nyttåret inn

Nyttårsstemne i miniatyrskyting i Rauma med lokal deltaking.

Skyttarhelg: Brørne Ørjan (t.v.) og Isak Frøysadal Hauge deltok for Sunnylven skyttarlag i miniatyrstemne i helga. Arkivfoto. 

Nyhende

Skyttarar både frå Stranda og Sunnylven skyttarlag var i Eidsbygda på Retura-cup i miniatyrskyting i helga.

I hovudskytinga for klasse 3–5 skaut Kristian Andre Frøysadal Hauge frå Sunnylven, 243 og Marie Vangen frå Stranda 234 i klasse 4. Frøysadal Hauge vant dermed si klasse. Begge skyttarane skaut seinare 100 poeng i finaleomgangen. Frøysadal Hauge sine 343 poeng resulterte i ein femte plass. Vangen enda på 17.-plass.

Varierande resultat

I klasse 5 skaut Ola Vangen 236 poeng, Kjell Oddvar Frøysa 233 poeng og Dag Andre Hauge 233 poeng i hovudskytinga, alle tre frå Sunnylven. Frøysa enda på 333 poeng og 19.-plass. Lik poengsum hadde Vangen på 20.-plass. Hauge fekk totalt 332 poeng og kom på 24.-plass i meisterskap 3–5 klasse. Totalt 29 skyttarar deltok i desse klassene.

Isak Frøysadal Hauge, i klasse junior, skaut 240 i hovudserien og 98 i finalen og enda dermed på 338 poeng totalt. Det gav ein fjerdeplass for skyttaren frå Sunnylven.

Bronsemedaljar

Roger Vangen frå Stranda skyttarlag skaut til bronse i klasse 2. 237 poeng i hovudskytinga og 98 i finalen, gav 335 poeng totalt og altså ein tredjeplass, seks poeng bak vinnaren.

Bronse vart det også til Ørjan Frøysadal Hauge frå Sunnylven i klasse eldre rekrutt. Med 246 poeng i hovudskytinga og 98 poeng i finalen enda han på 344 totalt.