Premiereklar strandar

Høgste terningkast til Olin

fRÅ BARNEHAGEKONFERANSEN: Maren Ørjasæter Aaland – seniorrådgivar og fagkoordinator hos Fylkesmannen i Møre og Romsdal - og Margreth Olin på barnehagekonferansen i samband med Olin sin førre film «Barndom». arkiv 

Nyhende

VG sin kulturmeldar kallar Margreth Olin sin nye film eksepsjonell, og gir ein blank seksar på terningen.

– Eg har sjeldan opplevd makan til stille etter ei pressevising som den som runga i salen etter «Selvportrett» – dokumentarfilmen om kunstfotografen Lene Marie Fossen, skriv kulturmeldaren i VG.

Av Dagbladet får Ohlin ein femmar på terningen for filmen.

Lene Marie Fossen var kunstfotograf, og gjekk bort i oktober 2019 etter mange år med eteforstyrring. Fossen vart 33 år gamal.

I samband med filmvisinga av «Selvportrett» på kulturhuset 24. januar, kjem Olin sjølv heim til Stranda for å fortelje om filmen.

Olin sin førre film «Barndom» frå 2017, skapte debatt om barndom og seksårsreformen i den norske skulen.