Vald, truslar og krenkingar dominerer

Auke i saker til Konfliktrådet

Konfliktrådet fekk 14 fleire saker til behandling i fjor en året før.

Kjartan Skotte, leiar Konfliktrådet Møre og Romsdal  Foto: Konfliktrådet

Nyhende

I ei pressemelding frå Konfliktrådet står det å lese at talet på saker dei fekk til behandling auka til 430 førre året. Vald, truslar og krenkingar er dei dominerande kategoriane. Ein av fem saker er valdssaker som er den største kategorien. Talet på truslar og krenkingar auka med 15 % frå 2018. Blotting og deling av nakenbilete er ein stor del av dei 17 sakene av seksualkriminalitet.