Det kan vere godt med ei pause frå det digitale

Gutane las mest

Elevar i Stranda ivrige på Sommarles og skjønnlitteratur for vaksne var den største utlånskategorien.

Martine Rørstad Sand med den mest lånte boka hjå Stranda folkebibliotek i 2019.  Foto: Eivind Louis Helset

Nyhende

Stranda folkebibliotek har avslutta eit år med bra utlån, ivrige unge lesarar og forfattarbesøk. Biblioteket lånte ut 7800 bøker, anten på papir eller i digital form, i tillegg til filmar. Skjønnlitteratur for vaksne stod for over halvparten av utlånet, medan skjønnlitteratur for born stod for i overkant av 2000 utlån.