App for å hindre matsvinn populært på Stranda

1067 matporsjonar berga frå søpla

Nyhende

Strandarane og serveringsstadene på Stranda bidreg med sitt for å redusere matsvinn, fortel ei pressemelding frå Too Good to Go.

Too Good to Go er ein app der ein kan kjøpe overskotsmat frå butikkar og serveringsstader som elles ville ha blitt kasta. Overskotsmaten kan vere brød, ulikt pålegg, påsmurt, med meir.

- I Stranda kommune bruker Spar Svingen, Geiranger Bakeri, CafèOlè og Grande Fjord appen, fortel kommunikasjonsrådgjevar Hanne Johansen i Too Good to go.

Og det med synleg resultat:

Spar Svingen selde i fjor 934 pakkar med daglegvarer, Geiranger Bakeri i Geiranger selde 59 pakkar med bakst, CafèOle selde 53 posar med ulike påsmurd/bakevare-produkt og Grande Fjord Hotel selde 21 porsjonar med hotellfrokost.

- Vi vil gjerne få med fleire butikkar og serveringsstader på Stranda for å bidra mot matsvinn, seier Johansen.