Hotel union Geiranger på eksklusiv liste

Nyhende

The Travel Inspector har publisert lista over hotella som vart godkjende for medlemsskap i hotellkjeda De historiske Hotel & Spisesteder i 2020.

Blant dei ni som slapp gjennom nålauget, er mellom anna Hotel Britannia i Trondheim- og Hotel Union Geiranger.

46 hotell søkte om medlemsskap, berre ni slapp gjennom målauget - som ein kan seie er smalt, med 798 kriterier for historisk kvalitet, der grunnpilarane er historisk og vertskapsrolla.

De historiske er ei samanslutning av 65 hoteller, 27 restauranter og 2 båtar som mellom anna omfatter herregårdar, herskapshus, gods, gamle trehotell med meir.

Hotellkjeda er representert frå Lillesand i sør til Lofoten i nord.