Trippel vinnarlukke på Stranda

  Foto: Colourbox.com

Nyhende

Eit ektepar frå Stranda fekk fredag kveld dobbel grunn til å smile litt ekstra breidt:

Båe hadde levert ein Nabolaget-kupong, og båe vann på kupongen.

100.000 kroner kvar på ekteparet vart ei kjekk overrasking fredag kveld.

- Det var på tide, eg har venta nokre år, skjemta mannen då Norsk Tipping ringde ekteparet.

Ei kvinne frå Stranda stakk òg av med millionpremien fredagen.

- Det var gøy, men eg har ikkje heilt klart å ta det innover meg, sa kvinna til Norsk Tipping.