Oransje varsel sendt ut for Møre og Romsdal

Varslar svært høg vasstand

Nyhende

Meteorologisk institutt har sendt ut oransje varsel om fare for svært høg vasstand for Sør Noreg, inklusive Møre og Romsdal.

For strekninga frå Stad til Frøya er det onsdag ettermiddag venta svært høg vasstand, på omlag 65 til 75 centimeter over høgda som er gitt i tidevasstabellen. Vasstanda er venta å vere høgast mellom klokka 13 og 15 onsdag.

Det blir rådd til at båteigarar sjekkar fortøyinga til båten, og sikre lause gjenstander i naust og i strandsona. Det kan bli oversvømmingar og skade på bygningar i strandsona.

Vasstanda er venta grunna ein kombinasjon av høgt astronomisk tidevatn og verknad av vêret.

- Vêret er prega av eit kraftig lågtrykk som ligg søraust for Island, som gir eit sør- og sørvestleg vindfelt som i vesentleg grad bidreg til vasstanden, seier Meteorologisk institutt i ei pressemelding.