Kanskje kan det bli eit nytt tilbod på Stranda

Borna formar klubben

Har du lurt på kva 4H står for og kva dei gjer på?

Ønsker tilbod: På julemessa undersøkte Møre og Romsdal 4H interessa for å danne ein 4H klubb på Stranda. Arkivfoto 

Fjellrosa: 4H klubben Fjellrosa i Sunnylven ute på tur.   Foto: Privat

Utedag: Møre og Romsdal 4H inviterer strandarar til natursti og bålkos. Prosjektleiar Britt-Ingunn Tafjord Walle, med hunden Mocca i armane, håpar på stort frammøte. Foto: Eivind Louis Helset 

Nyhende

Då er søndag ein fin dag for å finne ut av det du lurar på. Møre og Romsdal 4H skipar til utedag i Barlia, med natursti og bålkos der alle er hjarteleg velkomne. Ramstaddalen har Blåklokka, Sunnylven har Fjellrosa og Norddal har Ruggå. No er det kanskje slik at Stranda også kan få sin 4H klubb.

Stor interesse

Før nyttår stod Møre og Romsdal 4H på stand i julegata på Stranda.

– Vi møtte mange både born og familiar som var nysgjerrige på kva 4H eigentleg er, seier Britt-Ingunn Tafjord Walle, som er prosjektleiar i Møre og Romsdal 4H.

Borna er sjefen

Ho er nyleg tilsett i 4H og leiar prosjekta «Draumeplassen» og «Fritt fram i friluft». Eit av måla med prosjekta er å starte ein ny 4H klubb. Stand i julegata var fyrste innleiande steg, det neste blir utedagen på søndag, der publikum kan møte representantar frå 4H med alle spørsmål dei måtte ønske. 4H er ein organisasjon du finn over heile landet, og kanskje det viktigaste med 4H er at borna sjølve er med og bestemmer korleis klubben skal bli.

– Litt motsett av det ein er vande til, seier Tafjord Walle.

Informasjonsmøte

I slutten av januar blir det også skipa til informasjonsmøte i regi av Møre og Romsdal 4H. Dei håpar på stort oppmøte når dei skal informere om kva det vil seie å skipe ein 4H klubb. Ønsket er å få til ein på Stranda.

Vaksne er med som støttespelarar og klubbrådgjevarar både når det gjeld årsprosjektet til kvart einskild medlem. Klubben vel sjølv ein leiar blant medlemmane. Born under 9 år blir rekna som kløvermedlemmar og kan delta på alle 4H sine arrangement. Dei mellom 9 og 18 år blir rekna som fullverdige medlemmar.

4H går digitalt

Nytt av i år er måten medlemmane arbeider med årsprosjektet sitt. 2020 er eit år der klubbane kan nytte både papirhefte og digitale løysingar. Prosjektplattforma blir lansert i midten av februar. Her kan ein meir plukke og mikse sjølv;

– Ein kan til og med ha Minecraft som prosjekt, fortel Tafjord Walle.

Oppdragsbanken spenner over ulike tema, med ulik vanskegrad og tidsbruk. Bildemanipulasjon, lag frukost på senga eller gjer fjøsstellet er berre eit lite utval av oppdraga medlemmane kan velje mellom.