Må finne ny tomt

Geiranger brannstasjon: Arbeidstilsynet har gitt ny utsetting av frist for pålegg rundt brannstasjonen i Geiranger, då kommunen må finne ny tomt til tiltaket grunna potensiell rasfare. arkivfoto 

Nyhende

Stranda kommune må finne ny tomt til planlagd ny brannstasjon i Geiranger då det er oppdaga rasfare i området.

Ny brannstasjon i Geiranger var tema på kommunestyremøtet 18. desember, då det vart vedteke å utsette kjøp av grunn til dette formålet.

Opphavleg var brannstasjonen tenkt som eit felleskontor for blålysetatane i Geiranger ved sidan av Fjordsenteret.

Ei synfaring i området av geologar synleggjorde potensiell rasfare frå Flydalsnakken grunna sprekkar under og på sidene av fjellpartiet. NVE tilrår ei faresone på 1/5000 sannsyn for skred for tomta, noko som då betyr at ein ikkje kan byggje brannstasjonen der den er tiltenkt.

– Stranda kommune vil i samanheng med ny arealplan vurdere andre tomter for ny brannstasjon, men dette vil bli ei utfordring, skriv kommunen.

Ny brannstasjon i Geiranger må byggast som ei følgje av pålegg frå Arbeidstilsynet om tilfredsstillande arbeidslokale for tilsette.

Arbeidstilsynet har fått orientering om utviklinga av saka, og gir no ny utsetting av frist til 1. mai i år.