Geiranger-Trollstigen på lista

Britisk storavis tilrår fleire vestlandsvegar

  Foto: Møre og Romsdal fylkeskommune

Nyhende

Den britiske storavisa The Telegraph har sett opp ei liste over dei mest spektakulære køyrerutene i Noreg. Geiranger-Trollstigen, Atlanterhavsvegen, Hardanger (generelt), Ryfylke (generelt) og Gaularfjellet er inne på lista.

– Noreg er landet med majestetiske fjordar og ei kystlinje som smeltar saman med havet som eit uferdig puslespel. Kanskje er den beste måten å sjå alt på gjennom bil, skriv The Telegraph.

– Det er alltid stimulerande når ein får merksemd i utlandet for vår jobb med turistvegar med spennande arkitektur i flott natur, seier Per Ritzler, som har ansvar for media og internasjonale kontaktar i Statens vegvesen, til NRK.

På lista til avisa finn vi òg Jæren, Lofoten, Helgelandskysten og Senja.