Lokal ungdom syner fram sine talent

På tide å mønstre på

Om to veker samlar talentfulle ungdommar seg i Storfjord kulturhus. Påmeldingsfristen er komande mandag.

KILT på scena under UKM 2019  Foto: Ole Tommy Hanssen

Nyhende

Ungdommens Kulturmønstring (UKM) kom til på midten av 80-talet etter at Lars Hauge etter inspirasjon frå Finland arrangerte den fyrste moderne kulturmønstringa for ungdom i Akershus. Kulturrådet tok over initiativet til Ungdommens Kulturmønstring som på slutten av 80- talet var eit fast innslag i norske fylker og kommuner.

Flest i 2014

I toppåret 2014 var over 21.000 ungdommar påmelde. Hittil i år har 3700 ungdommar meldt seg på, 1300 færre enn på same tidspunkt rekordåret. Påmeldingsfristen i Stranda kommune er 20. januar og mønstringa fyrste helga i februar.

Deltok i 2019

I fjor gjekk Stefan Sekulic med bildet «Frost» og Ronja Vågsæter med bildet «Blackout» vidare til fylkesfestivalen. Det same gjorde Signy Andrine Korsedal med songen «Took a choice», Lea Sofie Langstøyl Ulstein med songen «Issues» og gruppa KILT med songen «Back in the USSR»


Sjå bileteserie frå helgas store høgdepunkt i Storfjord Kulturhus.

Stranda UKM