Formannskapsmøte måndag

Rådmannen blir kommunedirektør

Rådmann i Stranda kommune Åse Elin Hole blir frå måndag av kommunedirektør i Stranda kommune.. ARKIVFOTO  Foto: Bjørn Arild Hatlem

Nyhende

Formannskapet har møte måndag, og starter møtet med ei synfaring på fleirbruksanlegget til Sunnylven IL og Sunnylven skyttarlag i Hyttehøla.

Fleirbruksanlegget opnar offisielt søndag, med ein stor opningsfest.

Endrar tittel

Det er ikkje mange saker som står på kartet til formannskapet det første møtet i 2020.

Blant sakene, er ei endring av stillingstittelen til rådmann Åse Elin Hole. Ho vil etter formannskapsmøtet få tittelen kommunedirektør.

Bakgrunnen for endringa av stillingstittelen, er ny kommunelov som kom i 2018. Den nye kommunelova nyttar begrepet kommunedirektør for kommunen sin øvste administrative leiar.

- Ei endring frå rådmann til kommunedirektør vil gi eit viktig signal om likestilling i arbeidslivet, og ein tilrår at stillingstittelen kommunedirektør vert nytta i Stranda kommune, skriv rådmannen i tilrådinga.

Det er ikkje venta at formannskapet kjem til å motsette seg dette.

Ei endring av formannskapsnamnet derimot, er ikkje aktuelt. Det namnet vert vidareført i ny kommunelov, og omgrepet har opphav i formannskapslovene frå 1837.