Busstilbodet i fylket

Foreslår å droppe Sykkylven på bussruta til Stryn

Foto: Arkiv  Foto: Møre og Romsdal fylke

Nyhende

Fylkestinget vedtok i desember økonomiplan med handlingsprogram 2020-2023, samt budsjettet for 2020.

I samband med dette, vart det då vedteke ei rekkje kutt i tenestetilboda i fylket, deriblant fjerning av fjerde ferje om sommaren på sambandet Eidsdal-Linge.

Busstilbodet i fylket må kuttast med fem prosent på drift som ei følge av budsjettvedtaket i fylkestinget. Saka er no ute på høyring i kommunane.

Endringsforslaget som er sendt ut på høyring, vil ha verknad frå 17. august.

Stranda kommune ligg i rutepakke fem, saman med Sykkylven, Hareid, Ulstein, Herøy, Sande, Vanylven, Volda og Ørsta.

For Stranda kommune blir det foreslått følgande endringar:

Kutt i ruta mellom Ålesund og Stranda i romjul og påske. Avgangane er i dag innstilt i fellesferien.

Stryn - Sykkylven vert endra til å starte på Stranda.

Stryn - Aursnes blir endra til stopp på Stranda.

Kommunen blir oppmoda til å sende høyringa ut til lag og organisasjonar i kommunen, og koordinere uttalene som kjem i saka. Fristen for å kome med uttale i saka er sett til 10. februar.

Samferdsleutvalet skal handsame saka 4. mars. Fylkesutvalet handsamar saka 23. mars. Kunngjering av nye ruter for hausten blir gjort seinast 17. april.