Tre av fire redaktørar i Polaris og Amedia er menn

Illustrasjonsfoto: Stine Akeren Bjørdal 

Nyhende

Det er berre 26 kvinnelege redaktørar av totalt 110 redaktørar i lokalaviskonserna Amedia og Polaris.

Det viser ein gjennomgang utført av Medier24.

– Dette synest eg ikkje noko om. Det er 50 prosent kvinner i landet, og det er mange kvinner i konsernet, så det burde absolutt vore plass til fleire kvinnelege leiarar, seier konserntillitsvald Eva Stenbro i Amedia.

Ho meiner kjønnsbalanse er viktig på grunn av likestilling og peikar vidare på at fleire kvinnelege redaktørar kan ha positiv påverknad på både arbeidsmiljøet og det redaksjonelle innhaldet.

Konsernsjef i Polaris Media meiner den store delen menn i redaktørstolane i konserna kjem av at folk har sete lenge i jobbane sine.

– Eg trur kvinnedelen vil auke på sikt, men det er ikkje noko å diskutere at det er for lågt, seier konsernsjef Per Axel Koch i Polaris Media.