Raudt farevarsel for snøskred

Hald deg unna skredterreng

Nyhende

Varsom.no har sendt ut raudt farevarsel for snøskred på Sunnmøre måndag. Dette er nest høgste farenivå, og betyr at det er stor fare for snøskred.

– Vêrskiftet gjer at ein ventar naturleg utløyste skred grunna høgare temperatur og regn. Høgt til fjells er det problem med fokksnø. Hald deg unna skredterreng, er den klare oppmodinga frå varsom.no.

Det er fare for flakskred som ei følge av våt snø, og for flakskred som ei følge av fokksnø.

Nedbør i kombinasjon med mildt vêr vil truleg føre til våte, naturlege skred. Høgare oppe i fjellet, der nedbøren kjem som snø, vil det vere lett å løyse ut skred i fersk fokksnø. Det er lokale forskjellar på kor mykje snø det ligg i terrenget, og kor mykje nysnø og regn som er venta. Difor vil òg skredfaren variere på Sunnmøre – men altså: Faregraden er sett til raudt for regionen.

Frå tysdag er faregraden sett til oransje, betydeleg fare for snøskred.