Popkorn og natursti

Møre og Romsdal 4H er ute med tankar om å skipe lokal klubb på Stranda.

Rundt bålpanna: Det er mangt ein kan ordne på ei bålpanne. Popkorn, varm saft og grilla banan var noko av det Møre og Romsdal 4H serverte. 

Nyhende

Søndag varta dei opp med aktivitet og hygge i Barlia. Borna drog med seg foreldra rundt i skogen der det hang ei heil rekke spørsmål om natur og 4H. I leiren ved gapahuken i Barlia vart det servert både varm drikke og snacks.