Kombinasjonar av fag gav underhaldning og jubel

Full fres på parketten

Jubelen stod i taket når Sunnylven Grand Prix vart arrangert på Sunnylven skule.

Bilane var utstilt på førehand slik at elevane kunne bestemme seg for bilen med best design.  Foto: Eivind Louis Helset

Semifinaleløp. Utgangsretning viste seg å vere særs viktig for resultatet.  Foto: Eivind Louis Helset

Nyhende

Elevane på ungdomstrinnet har kvar brukt ein stad mellom 20 og 25 timar i førebuinga til billøpet. Fagleg har det strekt seg over naturfag, matematikk og kunst og handverk.

– Dei har lært om legering, elektromotorar og ikkje minst design, fortel Egil Dolmen, ein av lærarane på ungdomstrinnet.

Han leia konkurransen. Intervjua elevane om bilane. Og han sette i gang løpa. Han og lærarane Magnar Tufte Tyssen og Liv Norunn Langeland Runde utgjorde juryen. Stort sett ein enkel jobb, men ein ureglementert start kravde omstart av ei semifinale.

22 bilar og elevar. Fire innleiande rundar og to semifinalar. Ein vinnar til slutt. Det var tidvis stor stemning blant publikum som var resten av elevane på skulen, men billøpet var underhaldande og fleire hadde nok likt å sett det.


Full fres på parketten Sunnylven Grand PrixKreditering: Eivind Louis Helset, Sunnmøringen


Mange timar var altså lagt ned i bilane med namn som strekte seg frå Sapnu puas, Tim Turner til Gold Digger. Elevane har teikna bilane på papir, skjært ut og montert av papp før sluttproduktet av plast vart produsert. Formvac, den lokale plastfabrikken, har levert byggematerial til bilane. Plasten har elevane saga, varma og bøygd, og limt saman til kreative bilkonstruksjonar.

Noko sjølvmotsigande namn på ein bil som er dreven av straum, bilen heiter El bil sug.  Foto: Eivind Louis Helset

På fremste rad sat elevane Sander, Sune, Oskar, Markus og David og heia på sine favorittar og svara nesten i kor på spørsmålet om kven favoritten var. Dei avslørte at dei hadde planane klare til neste gang løpet blir arrangert.

Ute på golvet og på gangen var det tidvis hektisk aktivitet. Nokre mista sjansen til deltaking i semifinalen på grunn av ein aksling som var av, andre finjusterte utgangsstilling på bilen. Ein av bilane spant i sirkel når den køyrde framover men når den rygga vart den plutseleg raskast i si gruppe. Med andre ord, det var stor underhaldningsverdi.

Finalen bestod av bilane Piggsvin, LFC, Bygdepøbel og Monster. På førehand hadde ikkje Isak Elias Frøysadal Hauge særleg tru på bilen sin, -den berre kolva, sa han. Og Assosiasjonane gjekk til bilen Mr. Bean så ofte møter i sine historier. Bilen til Isak, LFC, var overlegen i alle tre rundane og vart til slutt vinnaren av billøpet.

Premiar til best design og raskaste bil. Frå venstre Joahn Marius med bilen Bygdepøbel, Amalie medMonster, Isak med LFC, Ådne med Black Pearl og Renate med Skkkt And i oop.  Foto: Eivind Louis Helset

Elevane var også ein jury. Deira oppgåve var å stemme fram bilen med det beste designen. Vinnaren, Ådne Kjellstadli, hadde valt eit noko særeige design. Med namnet Black Pearl, og form som eit piratskip var nok ein viss Jack Sparrow og skuta hans ei inspirasjonskjelde.