Gullgruve for cruise-entusiastar

  Foto: Anniken Westad

Nyhende

Kystverket sin digitale statistikk for cruisetrafikk er no tilgjengeleg og søkbar for alle, via nettstaden kystdatahuset.no

Dette gjer at ein kan få opplysningar tilbake til 1. januar 2010 om cruiseanløp for til dømes Geiranger og Hellesylt, samt passasjerar om bord. Ein kan òg søkje på skipet si lengde og bruttotonnasje (BT).

- Vi får stadig spørsmål frå til dømes studentar, konsulentar og journalistar som ønsker statistikk om cruisetrafikk. Når etterspurnaden er så stor gjennom heile cruiseseongen, har vi vald å gjere statistikken tilgjengeleg og søkbar for alle, seier avdelingsleiar Jon Leon Ervik i Kystverket.

Statistikken for 2019 syner at Geiranger er på tredjeplass blant dei mest besøkte cruisedestinasjonane, bak Bergen og Stavanger. Geiranger hadde i 2019 210 anløp frå cruiseskip, ein god del fleire enn Ålesund på fjerdeplass med 177 anløp.

Stranda kommune totalt sett hadde flest anløp blant kommunane, då blir òg anløp til Hellesylt inkludert. Då er talet 354 anløp, foran Bergen kommune med 350 anløp. I 2018 var det Bergen kommune som hadde flest anløp med 350, medan Stranda kommune hadde 308.

Det har lenge vore eit uttalt mål frå Stranda hamnevesen og Stranda kommune å få utvida sesongen på cruisetrafikk - og der er utviklinga gledeleg på landsbasis: I lågsesongen vart det registert ei stor auke i talet på cruiseanløp i første og fjerde kvartal i 2019, med 318 anløp i Noreg. Talet for 2018 var 170 anløp, medan det i 2017 var 138 anløp.