Medaljar i skyting

Skyttarar samla til samlagsstemne i Langevåg.

Skyttarbrør: Brørne (f.v.) Isak Elias, Kristian Andre og Ørjan deltok alle på Samlagsstemne i helga. Alle tre på pallen i sine respektive klasser. Arkivfoto 

Nyhende

Over 70 skyttarar frå åtte skyttarlag samla seg til årets utgåve av Samlagsstemne Sunnmør 15m miniatyr. Beste skyttar i klasse 3–5 vart Trine Ramsvik Stette frå Engesetdal og Skodje skyttarlag. Ho skaut totalsummen 345 poeng. Ivar Fivelstad frå Sunnylven skyttarlag tok bronse, tre poeng bak vinnaren.

Fleire medaljar

Roger Vangen frå Stranda skyttarlag skaut til sølvmedalje og 336 poeng i klasse 2.

I klasse 1 skaut Kirsti Frøysadal Hauge frå Sunnylven skyttarlag 245 poeng.

Kristian Andre Frøysadal konkurrerte i klasse 4. Med poengsummen 341 tok han 2 plass i si klasse og femte plass i klasse 3–5. Dag Andre Hauge vart nummer ni i klasse 3–5 med poengsummen 340, tre poeng føre Ola Vangen på 13.-plass. Alle skyt for Sunnylven skyttarlag.

I junior 16–17 år tok Isak Frøysadal Hauge, Sunnylven skyttarlag, bronse med 342 poeng, 6 poeng bak vinnaren Ola-Johan Dybvik frå arrangørklubben Langevåg skyttarlag. Ørjan Frøysadal Hauge måtte også sjå seg slått av ein frå arrangørklubben. Med 348 poeng tok Ørjan sølvmedalje.

Blant veteranane deltok Oddmund Fivelstad frå Sunnylven i klasse V/73. Han skaut 337 poeng og skytinga plasserte han på sjette plass.

Lagskyting

På lagskytinga skaut Ivar Fivelstad, Kristian Frøysadal Hauge og Dag Andre Hauge for Sunnylven. Det enda med tre poeng bak gullvinnar Engesetdal og Skodje skyttarlag. Dermed vart det sølvmedalje for Sunnylven.