Kino-talla for 2019 i Stranda tettstad

Stranda-regissør suverent på topp

Kinosjef: Kinosjef Knut-Arne Humberset.  Foto: Arkivfoto: Maria Nerhus

Nyhende

Kinotalla for 2019 syner at Storfjord kulturhus deler skjebne med resten av Noreg - kinobesøket går ned, òg her på Stranda. Besøket har gått ned med 21 prosent - frå 4.275 besøkande i 2018 til 3.369 besøkande i 2019.

Ikkje overraskande er det regissør Pål Øie frå Stranda sin film "Tunnelen" som tronar øvst på kinotoppen for 2019 - trass i at filmen hadde premiere 20. desember her på Stranda.

Øie er i år representert med to filmar på topplista - tidlegare i haust vart filmen om Nikolai Astrup lansert.

Dei ti mest besøkte filmane på Stranda i 2019 (besøk i parantes):

1. Tunnelen - (418) - regi Pål Øie

2. Troll: Kongens hale - (292)

3. Frost 2 - (206)

4. Snekker Andersen og Julenissen - (199)

5. Kule kryp 2 - (167)

6. Astrup: Flammen over Jølster - (149) - regi Pål Øie

7. Avengers: End game - (140)

8. Toy Story 4 - (111)

9. Kaptein Sabeltann og den magiske diamant - (102)

10. Askeladden i Soria Moria slott - (94)