Manglar kompetanse i undervisingsfaget

Illustrasjonsfoto: Colourbox 

Nyhende

Nye tal frå Kunnskapsdepartementet syner at 400 matematikklærarar i Møre og Romsdal manglar fordjuping i faget dei underviser i. Det same gjeld 400 engelsklærarar og 300 norsklærarar.

Tala frå indre Sunnmøre syner at det òg i vårt område er lærarar som ikkje har fordjuping i undervisingsfag.

I Stranda kommune manglar 22 lærarar i norsk, 13 lærarar i matematikk og 12 lærarar i engelsk fordjuping i undervisingsfaga.

I Sykkylven manglar fem lærarar fordjuping i norsk, 19 lærarar manglar fordjuping i matematikk og fem lærarar i engelsk fordjuping.

I tidlegare Stordal kommune (no Fjord kommune) manglar tre lærarar fordjuping i norsk, fem lærarar fordjuping i matematikk og tre lærarar fordjuping i engelsk.

I tidlegare Norddal kommune (no Fjord kommune) manglar ein lærar fordjpning i norsk, fem lærarar fordjuping i matematikk og seks lærarar fordjuping i engelsk.

Frå 1. august 2025 må alle lærarar som skal undervise i engelsk, matematikk, norsk, norsk teiknspråk og samisk på barneskulen ha minst 30 studiepoeng i desse faga. For ungdomsskulelærarar gjeld krav om 60 studiepoeng i dei same faga.

– Fleire kloke, kunnskapsrike og kvalifiserte lærarar er det viktigaste vi kan sørge for i skulepolitikken. Framleis er det mange lærarar som manglar fordjuping i faga dei underviser i. Difor fortset vi satsinga på vidareutdanning, seier kunnskaps- og integreringsminister Trine Skei Grande (V) i ei pressemelding.

– Kommunane i Møre og Romsdal må prioritere vidareutdanning, og dei bør ha klare kompetanseplanar for korleis dei skal syte for at lærarane får nok fordjuping innan 2025. Nokre kommunar gjer ein god jobb allereie, medan andre kan bli betre, seier Skei Grande.

Det er no opna for å søkje om støtte til vidareutdanning for lærarar, søknadsfristen er sett til 1. mars.