Fugleteljing 2020

Fugleteljing: Kjøtmeisa var på besøk i flest hagar, men bjørkefinken var den mest talrike. Foto: Eivind Louis Helset 

Nyhende

Fugleteljinga viser auke i observerte fuglar i vår kommune.

Det var like mange registrerte fôringsplassar, men altså auke i talet på fuglar. I 2019 vart det observert 1019 individ medan det i år vart observert 1679 individ.

Auke

Spesielt er det talet på bjørkefink, sidensvans, grønsisik og gråmåke som gir auke. Bjørkefink er også den mest observerte fuglen med 354 individ.

Det er auke på observasjonar av fleire fugleartar mellom anna kjøtmeis, blåmeis, bokfink og svartmeis.

Tilbakegang

Skjor, grønfink og ikkje minst dompap er av artane som går tilbake i mengde. Dompap gjekk frå 163 i 2019 til 60 i år.