Finalist i frukt og grønt

Ein god jobb gir godt resultat. På Hellesylt et dei mykje frukt og grønt.

Finalistar: Jokerbutikken på Hellesylt sel mykje frukt og grønt. No er dei blant finalistane for jokerkjeda i Opplysningskontoret sitt NM i frukt og grønt. Her viser Borghild Sporstøl fram noko av det ein finn i utvalet på Hellesylt. Foto: Eivind Louis Helset 

Nyhende

Opplysningskontoret for frukt og grønt arrangerer for trettande gong NM i frukt og grønt. Jokerbutikken på Hellesylt er ein av ti finalistar i jokerkjeda i år. Kjeda har som mål at ti prosent av butikken si omsetjing skal vere frukt og grønt, på Hellesylt var den på 12 prosent i fjor.