Fartsfyld i tunnelen

Nyhende

Politiet har hatt fartskontroll i Ljøtunnelen torsdag ettermiddag, og for einskilde bilførarar vart det litt vel fartsfyld.

Tunnelen har fartsgrense på 80 kilometer i timen. Fire bilførarar fekk forenkla førelegg for fart – den høgste målte hastigheita var på 98 kilometer i timen.