Hytteeigarar tilskrive

Fekk sjokkrekning frå Stranda kommune

Opp til 30 hytteeigarar på Strandafjellet har fått krav frå Stranda kommune på meir enn 20.000 kroner.

Hytteeigarar i på Strandafjellet fekk seg ein kalddusj av ei rekning på tilknytingsavgift, men utbyggjaren tar rekninga.   Foto: Johan Behrentz

Nyhende

Krava gjeld tilknytingsavgift til vatn og kloakk, ei avgift som utbyggjaren i utgangspunktet skulle betale då utbygginga var ferdig. I samband med ei større opprydding omkring kommunale avgifter, oppdaga kommunen at denne avgifta ikkje var kravd inn etter fleire år.