Innspel til Nasjonal transportplan (NTP) opp i formannskapet

Tre vegprosjekt blir peikt på for Stranda

Ein heilårsveg til Geiranger har vore ønska i mange år. Ny Strynefjellsveg med tunnelarm til Geiranger kan bli sjåande slik ut. ILLUSTRASJON: GODE VEGAR 

Nyhende

Nasjonal transportplan (NTP) for perioda 2022 - 2033 er under utforming, og fylkeskommunane er av samferdsledepartementet inviterte til å gi innspel på planen.

For Stranda sin del, legg rådmannen fram saka for formannskapet utan tilråding. Men det blir poengtert av rådmannen i vurderinga at det er tre fylkeskommunale vegar som blir prioriterte og viktige for Stranda.

Dei tre fylkesvegane som er sett opp av rådmannen er i uprioritert rekkjefølge, og er:

FV650 Bjørdalslinja

FV60 Røyrhus bru - Tomasgard

RV15/FV63 - Strynefjellsvegen med tunnelarm til Geiranger

- Stranda kommune må kome med ei prioritert liste i denne saka. Ein har fleire prosjekt som er viktige både for lokalsamfunnet og næringslivet i kommunen, skriv rådmannen i saksinnstillinga.