Ønsker å stimulere til engasjement

Ungdomsmidlar søker mottakar

Ungdomsrådet i Stranda kommune fordelar årleg ein pott med midlar til ungdom. Ungdomsmidlane i år er på 20.000 kroner. No ønsker dei innspel og søknadar på denne potten.

Ungdomsrådet fekk innblikk i kva midlane frå tildelinga i fjor vart nytta til. Solveig Årdal fortalte om sitt filmprosjekt "Bakglatt" som fekk tilskot i fjor.  Foto: Eivind Louis Helset

Nyhende

I retningslinjene står det mellom anna at aktiviteten skal vere retta mot ungdom i kommunen eller at søkaren skal ha hovuddelen av arbeidet sitt i Stranda kommune.

Retningslinjene seier også at rådet er forplikta å annonsere søknadsfristen som er 15. mars i god tid for tildeling av midlane.

Å nå ut til ungdommar

Ungdomsrådet diskuterte i møte korleis dei skulle få kommunisert både fristen og kva ungdomsmidlane kan gå til på best mogleg måte. Ungdomsrådet som består av elevar frå Sunnylven skule, Stranda VGS og Vestborg VGS. Sosiale medium som Facebook vart konkludert med at var det beste. Dei ulike klassene har sine sider på kanalen som ungdomsrådet kan nytte i sin kommunikasjon. Ungdomsrådet skal lage ein digital plakat for å nå ut til potensielle søkarar.

Tilskotet skal stimulere til ungdomsengasjement og gå til alternative ungdomsaktivitetar som elles ikkje får støtte frå det ordinære budsjettet til kommunen.

Ulike tiltak

Kvart år sidan 2014 har summen på 20.000 blitt delt ut i heilskap til ulike føremål. Arrangement som Aksjonsveka mot rus, DalaLan og gratis kino har fått støtte. Ungdomsrådet støtta i fjor musikkrommet ved Stranda ungdomsskule og filmproduksjonen til Solveig Årdal. Ho var til stades og orienterte om kva støtta frå ungdomsrådet var nytta til.

Har du ein god idé er søknadsfristen altså 15. mars. Meir informasjon kan du kontakte ungdomsrådsrepresentanten ved din skule.