FV60 Strandafjellet

Bilberging på fjellet - vegen er rydda

Lastebil i grøfta  Foto: Johan Behrentz

Nyhende

Politiet meldte på Twitter torsdag morgon at det var redusert framkommelegheit på Strandafjellet grunna bilberging.

Klokka 10.10 kom meldinga om at vegen no er rydda etter bilberginga.

- Vegen blir òg stengd i korte strekningar grunna bilberging. Vi er på staden og dirigerar trafikken, skreiv politiet litt over klokka ni torsdag morgon.

Det var eit vogntog som står i grøfta på veg opp til fjellet frå Sykkylvssida, ved Drotninghaug.