Grandiosa jubilerte

40-åring har fått veslebror

Den originale Grandiosa-pizzaen har fått stor merksemd etter at han fylte 40 år sist veke. No har han fått ein veslebror.

Operatør Anita Klokk (tv) og fabrikksjef Hans Jostein Langelo gjer sitt beste for å fyrsyne marknaden med dei 70.000 Grandiosa frå Stranda som blir produsert dagleg i den moderne fabrikken. Grandiosa 40 år.  Foto: Johan Behrentz

Nyhende

- Det nye barnet i Grandiosa-familien er noko tynnare enn storebror og med ingrediensar som smakar annleis, smiler fabrikksjef Jostein Langelo. Han syner den første pizza-bunnen som er «fødd» i det nye bakeriet på Svemorka. Det 12.000 kvadratmeter store bakeriet har saman med andre tekniske installasjonar kosta Orkla Foods rundt ein halv milliard kroner i løpet av dei siste to, tre åra.