Rennhelg på Strandafjellet

Gull på heimebane

Gode resultat på heimebane for Stranda alpin i helga.  Foto: Kjetil Dalen/Stranda Alpin

Nyhende

Stranda alpin har hatt rennhelg, og gjennomførte søndag superkombi i Sparebanken Møre Cup.

Resultata for Stranda sin del vart ikkje overraskande at dei vart mestvinnande klubb.

Stranda tok sigeren i G10, jenter U14, gutter U16 og kvinner junior.

I klassen G10 slo Andreas Thorvik Furseth til med tida 1:59:57, på tida 1:08:47 i første omgang og småpene 51:10 i andre omgang.

I U14 jenter vart det reint bord til Stranda, med dei fem øvste plasseringane.

Frida Kaldhussæter vann klassen, med tida 1.46.92, fulgt av Ellen Fauske Dalen med tida 1:48:70. På tredjeplass kom Vibeke Dina Waagsbø på tida 1:51:07.

I U14 gutter kom Mikal Olav Waagsbø på tredjeplass med tida 1:58:76, John Alexander Solheimsnes tok fjerdeplassen med 2:09:80.

Jonas Gorm Hole Hagen vann slett ikkje overraskande gutter U16, på tida 1:43:89 - med 56.32 i første omgang og 47.57 i andre. Nummer to, Henrik Nord frå Rauma alpin klubb, var 3.90 bak Hagen.

I klassen kvinner junior var Ingvild Fauske Dalen einaste startande, og vart klokka inn på sluttid 1:46:99 - med 57.41 i første omgang og 49.58 i andre omgang.

Super-G

Super-G-rennet ga òg godt resultat til Stranda - G12 vart vunne av Erik Kjerstad Opshaug, , Frida Kaldhussæter vann J14, Jonas Gorm Hole Hagen vann G16 og Ingvild Fauske Dalen vann junior.