Kutt på kortbanenettet

Widerøe kutter - mellom anna på Hovden

Widerøe kutter 15 prosent på kortbanenettet. Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix / NPK  Foto: Terje Bendiksby

Nyhende

Flyselskapet Widerøe kuttar 15 prosent av dei kommersielle flygingane sine i kortbanenettet. Totalt blir 4.000 avgangar i året kutta.

Administrerande direktør Stein Nilsen i Widerøe seier at selskapet er i ein fortvila situasjon, og at dei med dette kuttar heilt nødvendig transport i Distrikts-Noreg.

– Vi veit at resultatet av desse kutta blir ein transportstandard i ei rekkje distriktskommunar som ikkje er i nærleiken av å dekkje reisebehovet. Likevel har vi ingen val, seier han i ei pressemelding.

Årsaka til kutta er auka avgifter over fleire år, ei kraftig svekking av den norske krona og at den generelle marknadsutviklinga i Noreg har ført med store utfordringar for lønnsemda, opplyser selskapet,

Endringane trer i kraft 4. mai. Det er spesielt Evenes som blir hardt ramma. Der legg Widerøe ned rutene til Bodø og Andenes. I tillegg blir fleire avgangar frå Tromsø, Bodø, Florø lagde ned og direkteruter frå Oslo lagde ned i delar av året.

– Vi har hatt dialog med Samferdselsdepartementet, og tilrådinga vår er at fleire av desse ruteområda blir tatt inn som anbod, seier Nilsen.

Fakta om rutekutta i Widerøe

Desse Widerøe-rutene blir kutta frå 4. mai.

*Oslo–Hovden: Avgang frå Oslo 08:00 blir lagd ned alle vekedagar frå 1. april.

*Hovden–Oslo: Avgang frå Ørsta/Volda 09:25 blir lagd ned alle vekedagar frå 1. april.

*Bodø–Evenes blir lagd ned.

*Andenes–Evenes blir lagd ned. Andenes–Bodø blir flogen direkte og via Stokmarknes. Talet på avgangar Bodø–Andenes blir likt som i dag.

*Bodø–Svolvær: Avgang frå Bodø 06:50 blir lagd ned måndag og tysdag.

*Svolvær–Bodø: Avgang frå Svolvær 07:30 blir lagd ned måndag og tysdag.

*Bodø–Mo i Rana avgang frå Bodø 06:25 blir lagd ned torsdag og fredag.

*Mo i Rana–Bodø: avgang frå Mo i Rana 07:15 blir lagd ned torsdag fredag.

*Florø–Oslo: Avgang frå Florø 09:25 blir lagd ned torsdag og fredag.

*Bergen–Florø: Avgang 22:00 blir lagd ned onsdag, torsdag og fredag.

*Florø–Bergen: Avgang 06:30 blir lagd ned torsdag og fredag.

*Tromsø–Vadsø: Avgang 10:25 frå Tromsø blir lagd ned søndag.

*Vadsø–Tromsø: Avgang 11:55 frå Vadsø blir lagd ned søndag.

*Tromsø–Alta: Avgang frå Tromsø 08:20 blir lagd ned alle vekedagar.

*Alta–Tromsø: avgang frå Alta 09:15 blir lagd ned alle vekedagar.

*Tromsø–Hammerfest: Avgang frå Tromsø 16:20 blir lagd ned måndag, tysdag, onsdag og torsdag.

*Hammerfest–Tromsø: Avgang frå Hammerfest 17:20 blir lagd ned måndag, tysdag, onsdag og torsdag.

*I tillegg vil direkterutene frå Oslo til Sandnessjøen, Brønnøysund, Mo i Rana, Svolvær, Leknes og Namsos bli lagde ned i oktober, november, desember og mars, men bli opererte frå midten av april ut september og i samband med jul og påske.

Kjelde: Widerøe