Flytter Alperittet til fjellet

Alperittet 2018. 

Nyhende

Det kjem knapt som noko overrasking på strandarar som har vore på Sløgstad i det siste: Alperittet-komitèen går for plan B - å flytte heile arrangementet på Strandafjellet.

Det blir sett opp gratisbuss frå sentrum rundt halv tolv, frå Ingers Trans, som òg vil gå ned igjen til sentrum i fleire puljer - både etter sjølve rittet, og etter afterskien på kvelden.

- Vi har eit breidt program på fjellet, og sjølve Alperittet kjem til å gå frå Roalden til gondolen. Mini-alperittet for dei minste går i Fursettrekket, seier Alperitt-general Randi Ansok til Sunnmøringen.

- Vi ventar ein gjeng på tjue stykker som skal køyre noregscup i telemark, og dei gler seg stort. Om vi får 100 påmelde totalt så er vi strålande nøgde med det, seier Ansok.

Festmiddagen blir òg flytta til fjellet, med Stranda hotel som matleverandør.

For dei minste

- Mini-alperittet er det Stranda alpin som står for, og dei vil arrangere parallellslalåm med meir. Det var veldig populært sist dei arrangerte. Dei samler seg så og renn i samla flokk over til festteltet ved gondolen, der det blir premieutdeling, seier ho.

For dei aller minste, blir det karnevalsskirenn ved lavvoen.

- Vi har noko for alle, både små og store, seier Ansok.

Det er jubileum i år, og der blir det ei markering som er under full planlegging.

- Fordi alt ikkje er klart, så vil eg ikkje seie så mykje om det - men vi kjem til å markere. Og til dei minste kan det finne på å vanke ei overrasking, seier Ansok.

Stikker ut løypa onsdag

Løypa blir stikke ut onsdag, og går frå startboda (no verdas minste pub) til gondolen.

- Vi skal gjere det vi kan slik at løypa blir lagt forbi Roaldspaviljongen, så folk kan gå ut og heie. Her er det berre å kle seg godt og stille manns- og kvinnesterke med godt humør, seier Ansok.

Det er ikkje arrangement i sentrum i helga - ei heller salsboder - grunna lita påmelding.

- Vi satsar på storveis arrangement på fjellet istaden. Der er det flotte forhold, det kom snø i natt og det einaste som kan stogge oss no er vinden. Der har vi vêrmeldingane på vår side. Og så må vi hugse på at det fins ikkje dårleg vêr, men kun dårlege klede, smiler Ansok.